Assisterande rektor – Tonstad skule
Sirdal kommune Tonstad skule
- Arbeidssted
- TONSTAD, Sirdal
- Ansettelse
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Publisert
- 24. nov.
- Frist
- 15. des.
Bli med og styrk Sirdalsskulen!
Sirdal kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert assisterande rektor ved Tonstad skule, som gjennom samarbeid og samhandling ønskjer å vera med og styrkja Sirdalsskulen.
Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å utvikla deg som skuleleiar ved ein moderne skule i ein kommune med høge ambisjonar på vegne av elevane.
Tonstad skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Sirdal kommune med om lag 180 elevar. Skulen har 44 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt på Tonstad, i nærleiken av idrettshall, fotballhall og kulturhus. Skulen har moderne lokale, med ein innbydande aula og eit bibliotek der skulen samlast. Skulen har gode inne- og uteområde som legg til rette for læring, trivsel og fellesskap.
Leiinga ved skulen består av rektor, assisterande rektor og SFO-leiar.
Ved Tonstad skule arbeider vi for å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø der alle elevar opplever meistring, trivsel og utvikling. Skulen arbeider for å vera ein lærande organisasjon der profesjonsfellesskapet står i sentrum. Det systematiske arbeidet med læringsmiljøet blir styrkt gjennom tema som mellom anna klasseleiing, elevmedverknad, vurdering og pedagogisk praksis. Lesing og leik/uteskule er område skulen satsar på.
Arbeidsoppgåver:
· Bidra til den pedagogiske og administrative leiinga av skulen i samarbeid med rektor.
· Du vil ha eit breitt ansvarsområde og vera ein viktig støttespelar for tilsette, elevar og føresette.
· Assisterande rektor er rektor sin stadfortredar og tek i vare rektor sine oppgåver ved behov.
· Assisterande rektor skal bidra til å leia og vidareutvikla Tonstad skule i tråd med gjeldande lovverk, nasjonale føringar og kommunale målsetjingar.
· Planleggja og koordinera den daglege drifta av skulen, mellom anna timeplanlegging, vikarhandtering, eksamen, nasjonale prøver og rapportering. Det arbeids med å innføre VismaFlyt.
· Vera med å følgje opp elevsaker og arbeidet med skulemiljøet.
· Leia og delta i skulen sitt utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap.
· Leia møte og samarbeidsarenaer internt og eksternt.
· Intern IKT-støtte og oppfølging av digitale verktøy.
· Arbeids- og ansvarsområda kan tilpassast behova ved skulen og kompetansen til den som blir tilsett.
Det ligg 10% undervisning til stillinga.
Ønskte kvalifikasjonar:
· Godkjend undervisingskompetanse for grunnskulen i samsvar med gjeldande lovverk.
· Det er ønskjeleg med skuleleiarutdanning. Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning.
· Kunnskap om og erfaring med digital praksis.
· God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
· Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna.
Personlege eigenskapar:
· Du er ein trygg og tydeleg leiar med gode relasjonelle dugleikar.
· Du har evne til å motivera, rettleia og skapa engasjement hos medarbeidarane.
· Du kommuniserer godt med elevar, føresette og tilsette.
· Du er strukturert, initiativrik og har god gjennomføringsevne.
· Du tenkjer heilskapleg og strategisk.
· Du er sjølvstendig, løysingsorientert og kvalitetsmedviten.
· Du bidreg positivt til samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
· Du er fleksibel, lojal og har godt humør
Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna.
Den som blir tilsett, må leggja fram godkjend politiattest før tilsetjing, jf. § 17-11 i opplæringslova.
Om arbeidsgivaren
Sirdal kommune søkjer assisterande rektor til Tonstad skule. Kommunen står i ein unik og samansett økonomisk situasjon, med sterke finansielle rammer, høge inntekter frå kraftressursar og låg lånegjeld. Samtidig står kommunen framfor eit skifte der vi må styra kostnadene smart og rigga økonomien for framtida. Med fokus på bustadattraktivitet, kunnskap og læring, samarbeid og samhandling skal vi møte samfunnsutfordringane Sirdal står overfor.
Søknadsfrist 18.10.2026
Link til søknadsskjema: Søk her
Kilde: NAV Arbeidsplassen. Dette er en aktiv utlysning — fullstendig annonse og søknad finnes hos arbeidsgiver via arbeidsplassen.no.
Bli kjent med Sirdal

Sirdal
Fjellkommunen i nord.
Sirdal er Listers nordligste kommune — og Norges energikommune nummer én per innbygger. Den strekker seg gjennom Sirdalen og opp i høyfjellet, med kraftproduksjon som økonomisk ryggrad og alpinsenteret ved Sinnes/Kvæven som vinterdestinasjon. Fjellet setter tempoet: ski om vinteren, lange sommerkvelder, og helårs kraftarbeidsplasser.
- Innbyggere~1 900
- LandskapFjell og kraftverk
- SentrumTonstad
- SignaturKvæven skisenter
Sirdal har flere attraktive boområder
Oppover dalen mot høyfjellet — finn nærmiljøet som passer livet ditt.
Bo innen 45 minutters kjøring fra jobben
Boområder i nabokommunene der denne arbeidsplassen ligger innenfor pendleavstand — kommunen står på hvert kort.
Sirdal er én av seks kommuner i Lister
Til sammen rundt 40 100 innbyggere på Sørlandskysten, fra øyene i havet til høyfjellet i nord. Ett arbeidsmarked og én bo-region som henger sammen på tvers av kommunegrensene.
«Flytt til et mindre sted. Lev et større liv.»
Les mer om Region Lister




